Harstad O-lag er ein av mange orienteringsklubbar som har tilbud om turorientering. Dette er eit flott tiltak der postar er plassert ut i Harstad sitt nærområde. Turtidspunkt kan du bestemme sjølv i løpet av heile sommarsesongen, postane er der heile døgnet! Turorientering er også ein fin måte å lære seg eller bli betre i orientering på. I appen er det ein "jukse"-funksjon som gjer at du kan vite akkurat kvar du er om du skulle ha gått deg vill i løypa, dermed kan du prøve deg på dei vanskelege løypene også. Turorientering er også ein suveren aktivitetsform når ein har med barn på tur, dei tykkjer det er spanande å leite innimellom busker og tre etter «skatten».
Postane i 2024-sesongen kan bli funnet på følgjande plassar:
- Trondenes
- Grønnkollhytta/Svartdalsåsen
- Dalsletta/Pevatnet
- Kanebogen skole
- Folkeparken
- Harstad skole
- Sørvik
- Kattebakken
- X-postar rundt Storlitind
- X-postar rundt Vardheia
Alle dei grøne (enkle) turane er i år satt opp på runde stolpar. Resten av postane er som før markert med raud-kvite flagg med ein QR-kode, kodebokstavar og postnummer. Du kan registrere posten direkte med mobiltelefonen din ved å scanne QR-koden eller registrere koden på turo.no
De kan kjøpe enkeltturar i appen og på turo.no, eller de kan kjøpe konvolutten på Sport1 Harstad. Konvolutten kostar 300 kr og inneheld karta, samt 4 kodar som gir gratis tilgang til alle karta i appen for 4 personar i husholdningen.
Nytt av året er at me har lansert ein bonus med 20 X-postar. X-postane finn de kun i appen, og der kan de velge om de vil bruke Norgeskart eller Mapant som bakgrunnskart. X-postane har heller ingen postflagg, posten vert registrert straks de er innanfor X på kartet. Fordelen med X-postar er at me kan ha turorientering i områder me ikkje har o-kart i. Me har difor plassert X-postane på fjellet, ein runde rundt Vardheia og ein runde rundt Storlitind på Sollifjellet. De får 10 poeng per X-post. Gå inn i Turorienteringsappen for å finne ut meir.
Du samlar poeng når du registrerer postar, me følgjer det nasjonale poengsystemet:
Grønn tur: 4 poeng pr post
Blå tur: 6 poeng pr post
Raud tur: 8 poeng pr post
Svart tur: 10 poeng pr post
Det finst ulike merkekrav, og du kan sjølv bestille dei merkene du oppfyller. Gå inn på turo.no for å finne ut meir om merker og merkekrav. Me vil i tillegg ha trekkepremiar mellom dei som har fått over 150 poeng.
Postane står ute frå ca 1.juni til ca midten av oktober, litt veravhengig. Følg med i appen, på facebook eller på turo.no for info om når postane kjem ut og tas inn.
Postplasseringen er gjort enkel, slik at postane skal vere greie å finne. Skulle du likevel ikkje finne den, og mistenke at den er fjerna eller plassert på feil stad, vennligst gi beskjed til Hege Nornes (hegenornes@hotmail.com, tlf; 91551733).
God tur!